Kåra til beste butikk
- me gratulerar

Coop Prix Hylestad kåra til beste butikk i Regionen, me gratulerar med velfortent siger!
Med butikksjef Elin Austad og eit team av gode medarbeidarar har Coop Prix Hylestad, vår lokale butikk blitt kåra til regionens beste butikk. Det tykkjer me er velfortent,, og me kan kvar dag sjå kvifor. Det er ei alltid hyggjeleg betjening, det er alltid dei varene ein treng, og skulle det mangle noko, så fiksar dei det til neste gong du kjem. Det er reint og ryddig til ein kvar tid og me er så glade for dei gode opningstidene dykk har.
GRATULERER!