Konsert på Sølvgarden
- med Jon Solberg og Anders Røine

Sølvgarden hotell fredag 1. mars kl. 21.00
Billett kr 250 i døra kontant eller vipps. Arrangør: Kvinlog kulturformidling
Kanskje er desse to musikarane ukjende for mange, i så fall har de noko å glede dykk til! Dei held nemleg konsertar av høg kvalitet. Jon og Anders held til i Bø i Telemark og har drive med musikk det meste av sine godt 40-50 årige liv. Jon er vokalist i bygderockgruppa Ni Liv og har si eiga visekarriere på si der han stort sett framfører viser der han sjølv står for tekst og melodi. Han spelar gitar, fele og banjo.
Med seg har han multiinstrumentalisten Anders Røine der hardingfele, munnharpe, gitar og ikkje minst langeleik er blant dei instrumenta han trakterer. Langeleiken har han i tillegg plugga inn på straumnettet, noko som er med på å gjere konsertane til ei unik oppleving. Anders er folkemusikar og har bl.a. vunne Landskappleiken på munnharpe 5 gonger og har også fått spelemannsprisen.
Jon Solberg og Anders Røine held konsertar som blir ei sjeldan oppleving. Du blir dregen med inn i tekstene som «gjør hodet litt klokere og hjertet varmere» for å sitere Olav Solvang i Vårt Land når han omtalar ei av Jon sine CD’ar. I tillegg er Jon dyktig på mellomsnakk, – det utøvaren seier mellom songene. Til saman gjer dette Jon Solberg til ein framifrå formidlar.
Begge to er spelemenn og konserten er krydra med lekre soloar på diverse instrument. I god spelemannstradisjon showar dei også i løpet av konserten der me kanskje kan få oppleve Jon med fela i ein drivande versjon av Cotton Eye Joe eller Anders som tek ein Hank Williams-låt og akkompagnerer seg sjølv på langeleik. Dette er moro – og dette er dei aleine om!