Brokke Alpinsenter
Familievenleg skisenter med roleg atmosfære, flotte løyper og aktivitetar for både store og små.
Brokke Alpinsenter er eit roleg og familievenleg skisenter i hjartet av Setesdal. Her finn du preparerte løyper, terrengpark, skiskule og eit variert aktivitetstilbod for barn og vaksne.
Her finn du ei samla oversikt over prisane i Brokke Alpinsenter – frå sesongkort og familiekort til dagskort og enkeltturar. Vi har løysingar som passar både familiar, hyttefolk og deg som berre vil ha ein fin dag i bakken.
Vinteraktivitetar i Brokke
Vinteren i Brokke byr på langt meir enn berre alpint. Her kan du gå milevis i langrennsløypene, utforske lysløypa i den blå timen, prøve isklatring i bratte fjellsider eller ta del i tradisjonsrik jakt i stille vinterterreng. Uansett tempo og nivå finn du aktivitetar som gir både energi og ro i kroppen.
Sjå vinteraktivitetar.avif)
Lær deg nye teknikkar, få ein trygg start på ski eller finjuster ferdigheiter du allereie har. Våre erfarne instruktørar hjelper både barn og vaksne – frå heilt nybyrjar til vidarekommen. Her er fokus på meistring, tryggleik og ekte skiglede.

Eit leikande, sosialt og lærerikt tilbod for barn frå 6 til 12 år. I Brokkieklubben får barna køyre saman, øve på grunnleggande teknikk og ha det gøy i bakken – alltid i trygge rammer og med flinke instruktørar som legg til rette for gode opplevingar.

Vi jobbar heile tida for at alle gjester skal få ei trygg og god oppleving i Brokke. Ved å følge nokre enkle reglar bidreg du til at både du sjølv og andre er trygge når de er i bakken.
Preppemaskin
Hald god avstand til preppemaskiner og snøproduksjon. Maskinene har avgrensa sikt, og det er viktig at du aldri køyre nær dei.
Sperringar og merking
Følg alltid skilting og sperringar. Desse er sett opp for å sikre gode forhold og for å varsle om område som ikkje er trygge.
Skivettreglane
Alle som køyrer i anlegget pliktar å følge dei norske skivettreglane. Sjå skivettreglane her.
Utanom opningstid
Det er ikkje lov å ferdast i alpinanlegget utanom opningstid på grunn av prepparbeid, snøproduksjon og redusert sikt i området.
