Brokke Skirace

Velkomen til Brokke Skirace!
I 2026-utgåva håpar vi at snøforholda er med oss, slik at vi kan nytte heile det flotte løypenettet i Brokke.
Start og mål er ved botnen av Brokke Alpinsenter, der det blir liv og røre heile dagen. Det blir aktivitetar for både deltakarar og publikum, og kaféen held ope slik at både store og små kan kose seg med mat og drikke medan dei heiar på løparane.
Dette er den perfekte arenaen for å teste deg sjølv – eller berre nyte ein skitur i stemningsfulle omgjevnader saman med familie og vener.
Brokke Skirace er ope for alle!
Enten du er ein erfaren løpar eller heilt ny i sporet, er du hjarteleg velkomen til å delta. Vi gler oss til å sjå deg på startstreken.
Distanser:
- 15 km – konkurranse og trim
- 30 km – konkurranse og trim
- 60 km – konkurranse
