Ta sjansen!

Ta sjansen – påskeaftan!

Laurdag 4. april klokka 15.00 riggar me til eit basseng i botnen av Vestbakken. Dei som vågar, kan prøve seg på slalåm eller snowboard over vatnet.

Det blir god stemning med musikk og speaker som heiar fram alle deltakarane. Her ligg alt til rette for fart, latter og skikkeleg påskeunderhaldning.

Målet er sjølvsagt å kome seg tørrskodd over bassenget. Det blir premiar til den raskaste og mest elegante overfarten, og ikkje minst til dagens «Jerry» – den mest spektakulære faceplanten.

Ta turen for å sjå showet, hei fram deltakarane eller kast deg ut i utfordringa sjølv. Og ja – du har framleis tid til å få tørka kleda før sundagen.

Tør du å prøve?