Verneområde Setesdal Vesthei

- verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Med karrige, skrinne fjelltoppar i nord på 1 400 meters høgde, til lågareliggande skogområde lengre sør i verneområdet er nok dette eit av Noregs aller flotteste hei.

Med sine 2 345 km² er Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR) Noregs største verneområde sør for Haukelifjell. Med ei slik utstrekning finn du store variasjonar i geologi, flora og fauna. Med karrige, skrinne fjelltoppar i nord på 1 400 meters høgde, til lågareliggande skogområde lengre sør i verneområdet.

SVR utgjer kjerneområdet til den sørlegaste villreinstamma i Europa, og husar ei stamme på kring 3 000 dyr. I SVR finn du eit godt utbygd løypenett sommar og vinter, samt ei rekke turisthytter. Utbygging av vasskraft har sett sitt preg på verneområdet. Likar du urørt natur, er det likevel mange plassar der heiane ligg slik dei har gjort sidan siste istid.

Av omsyn til villreinen gjeld det nokre stader særskilde restriksjonar for ferdsel. I trekksona er ferdsel forbode f.o.m. 15. april t.o.m. 20. mai. I kalvingsområda er ferdsel forbode f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai. Forbodet gjeld ikkje om du følger veg eller merkt løype.
Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Nr. 1 Vardsvatn – Kvislevassknuten og nr. 2 Svarteløkfjellet

Trekksone for villrein med ferdselsforbod f.o.m 15. april t.o.m. 20. mai

Nr. 3 Svarvaren og nr. 4 Ljosådalen naturreservat

Kalvingssone for villrein med ferdselsforbod f.o.m 25. april t.o.m. 31. mai.

 

SVR vart verna i år 2000 etter ein verneprosess der ulike verneformer og utstrekning hadde vore fremma. Føremålet med vernet er vidt og er knytt til ivaretaking av eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei- og fjellskogsområde. Området husar eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne. Sentralt i verneføremålet er å ta vare på eit samanhengande leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.
Trugsmål mot dei botaniske verneverdiane er i første rekke knytt til attgroing, til dømes lokalitetar med solblom og handmarinøkkel. Beite frå sau bidreg mange stader til at fjellbjørkeskogen ikkje spreier seg vidare oppover i heia. Samstundes er beitetrykket nokre stader såpass høgt at det påverkar artsmangfaldet av plantar.
Mykje av kulturlandskapet i verneområdet finn du kring fjellgardar, støylsområde og driftelegre. Særleg under og like over tregrensa ser ein attgroing med bjørk og einer.
I verneområdet finn vi fleire hekkelokalitetar av rovfugl og ugler, til dømes kongeørn, jaktfalk, fjellvåk og hubro. Forstyrring kring leirplassane på våren kan vere særleg kritisk og med fare for at dei bryt av hekkinga.
Det eksisterer ein del trugsmål mot funksjonen Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som leveområde for villreinstamma. Eit opplagt trugsmål er alle inngrepa i samband med kraftutbygging. Reguleringsmagasina har avgrensa kvar reinen kan trekke sommar og haust, og anleggsvegar, kraftverksinstallasjonar og kraftliner, fører med seg ferdsel og forstyrringar inn i dei allereie avgrensa trekk-korridorane. Dei to fylkesvegane som er opne for vanleg biltrafikk sommar og haust, og ferdsel som kjem frå desse, har ein viss barriereeffekt. Dette er særleg merkbart ved Brokke – Suleskardvegen i tida rett før stenging om hausten, og rett etter opning om våren. Ferdsel på og ut frå anleggsvegen til Urevatn, er også truleg til hinder for at reinen kan trekke i dette området. Ferdsel etter turistløyper, og motorferdsel i samband med transport til stølar, driftehytter og turisthytter, kan føre med seg sporadisk forstyrring. Til saman er inngrep og forstyrringar mest truleg årsaka til at bruken til villreinen av viktige beiteområde er avgrensa, og at utvekslinga av dyr i nord og sør i områda langt på veg har stoppa opp dei siste åra.

Sjå meir på nettsida til svr.no