Program laurdag 22.februar

Litt dårleg vêr, men vi skal uansett ha det gøy og fint i Brokke!
Laurdag riggar vi til BIG JUMP-konkurranse i to klasser klokka 14, med eigen DJ. Dette er eit lågterskelarrangement der alle er velkomne til å delta. Det viktigaste er at du føler deg komfortabel med å hoppe på hoppane. Vi oppmodar spesielt jenter til å bli med!
Vinterens konkurranse vil gå føre seg i Vestbakken, der parken er bygd opp i år. Det blir både eit stort hopp og eit mindre hopp. Desse står på den nedste kulen, som er bygd opp ved botnen av Vestbakken. Her kan du oppleve råe triks frå både ski- og snowboardkøyrarar!
Klasseinndeling blir vurdert ut frå kor mange som melder seg på. Konkurransen startar kl. 14.00, og påmelding skjer frå kl. 12.30 til 13.30 på terrassen til Nistebui.
DJ-en spelar vidare i Nistebui etter konkurransen, og utover heile kvelden så lenge folket ønskjer. Nistebui startar servering frå klokka 14.
Vi lovar variert musikk som både ungdommar og godt vaksne kjem i god stemning av.
Bli med, då! Gratis inngang!