OPEN KIOSK

- laurdag og sundag framover blir det åpen kiosk i Nistebui

Det blir open kiosk i Nistebui i Brokke laurdag og sundag fremover, med sal av is, kaffi, brus, pølser og pizza på menyen. Det blir også sal av frisbeear!

Ope kvar laurdag og sundag frå kl. 12-18!

Me har sett opp ein frisbeekorg ute på plassen, me har laga ein liten fotballbane i gras (som sauene låner av og til). Og ikkje minst så har me ein stor terrasse som me håpar du kan nyte.

Den nye rulleskiløypa og pumptracken ligg rett ved og det er heller ikke langt til vår 18 hulls frisbeebane.