Aktivitetspark og Kafé

Sesongopning på Kaféen ved Brokke Alpinsenter

Torsdag 29. mai (Kristi Himmelfartsdag) kl. 11–17 opnar vi dørene for sommarsesongen! Vi held òg ope fredag, laurdag og sundag denne helga. Deretter held vi ope kvar laurdag og sundag kl. 11–17 framover mot sommaren.

Våre hyggelege vertar, Iva og Guglielmo, er tilbake frå ferie – klare til å ta imot deg med smakfull pizza og saftige burgarar, sjølvsagt med ein herleg italiensk vri.

I tillegg tilbyr vi eit breitt spekter av aktivitetar – frå klatring til sykkelutleige – perfekt for deg som ønskjer ein aktiv og smakfull dag i vakre Brokke.

Velkomen til fjells – vi gler oss til å sjå deg!