Skiforhold helga 10. - 12.januar

Løypekøyrar Uppstad melder om flotte løyper, og følgjande er nypreparerte inn mot helga:
Suleskarvegen / Myklevatn, Kvisletoppen / Greinebrune, Evardalen / Jarnsverk / lysløypa. Yr.no melder om 10 kalde, nydeleg vêr og lite vind.
Brokke Alpinsenter har ope klokka 12-20 fredag, og klokka 10 – 16 laurdag og sundag. Driftsleiaren og teamet har gjort ein kjempeinnsats for fine bakkar. Det meldes om svært gode forhold. Både stolheis og t-trekk køyrer på dagtid i helga! Kafeen er open.
Ønskjer alle ein fin helg i Brokke!
Gangretning rulleskiløype / ny lysløype:
Vi er veldig glade for å sjå så mange i den nye lysløypa nede ved skisenteret. For å sikre tryggleiken minner vi om at gangretninga er med sola 👍 i lysløypa. Dette sjølv om klassisksporet ligg på venstre side, noko som berre kjem av at det er mest praktisk å ha det i ytterkanten av traseen.