Påskefest

-med livemusikk

Påskefest i Brokke med livemusikk og skikkeleg stemning.

19. april 2025kl. 21:00

Påskefest i Brokke – med livemusikk og topp stemning!

Laurdag 19. april inviterer me til årets store påskefest i Nistebua! Me riggar opp for ein kveld med god musikk, herleg stemning og ein skikkeleg fest.

Livebandet Justin-Case tek scena og sørgjer for høg partyfaktor! Dei er kjende frå festivalar og skistader over heile landet – og garanterer dansefot og allsang. Musikken startar kl. 21:00, og me held koken til kl. 01:00! Afterski opnar allereie kl. 13:00, så viss vêrgudane er med oss, kan du nyte noko godt på terrassen.

Det vert enkel matservering gjennom heile kvelden, og baren byr på forfriskingar for ein kvar smak – inkludert lokale alternativ!

Me gler oss til ein fantastisk avslutningsfest for ein flott sesong, og håpar nettopp du blir med på moroa! Merk! På grunn av avgrensa plassar er det berre førehandssal av billettar. Sikre deg billett i god tid!

KJØP HER: Billettar Påskefest