Setesdal folkemusikkfestival

- ein folkefest

Dette vil du ikke gå glipp av, sett av datoen, book overnatting no, og gled deg!

2. august 2024kl. 12:00
Vel møtt til årets folkemusikkfestival i Setesdal!

Setesdal folkemusikkfestival vil du oppleve både den særmerkte Setesdalskulturen og nokre av landets beste folkemusikkutøverar. Helga er som ei luke inn i ei svunne tid, rik på kultur av alle slag.

Fredagen starter med kurs der ein ikkje treng noko erfaring frå før. Kva med munnharpe, eller gangardans?
Etter den formelle opninga av festivalen, som er fredag kl. 19, inviterer vi til konsert med ein av våre mest kjende skodespelarar, Helge Jordal, som les frå forfattarskapen til Hans E. Kinck, saman med Knut Hamre på hardingfele. Etterpå er det endå ein stor konsert, med Ånon Egeland med gjestar.

Laurdag er det kappleik! Dette er rett og slett tevling i ulike sjangerar av folkemusikk- og dans. Folk frå mange stader i landet kjem for å vere med i konkurransen, og ein kan gå inn og ut å høyre på gjennom dagen.
Det er også eige program for born, med sjokoladekappleik (barn som opptrer får sjokolade – alle kan stille), og trommekurs og familiekonsert med Kouame Sereba.
På kvelden er det dans med meisterspelemenn og stemninga er alltid høg. Då kan det jo vere gama å ha delteke på gangarkurs fyrst?
Det er – sjølvsagt – sal av tradisjonell setesdalssuppe heile helga!

På sundagen spelar «Kulturpatrulja Allstars», som har spelt og dansa for hyttefolk og turistar i 10 år, i Hylestad kyrkje.
Her er det berre å kome – me lovar ei spesiell oppleving! Sjekk flyeren vår, og følg oss gjerne på Fb-sida Setesdal Folkemusikkfestival, der finn du oppdatert info og Fb-arrangement for kvar enkel aktivitet. Billettar kan du kjøpe i døra, eller på tickster.com.