26.desember: Satt spor i lysløypa!

I dag, 2. juledag, er det sett spor i rulleskiløypa. Vi har dessverre ikkje klart å produsere nok snø til å få til ein heil runde/sløyfe, så ein må gå fram og same vegen tilbake. Men no kan du i alle fall få prøvd skia – for små og store – langs denne traseen. Kos dykk i Brokke.

Brokke Alpinsenter:

Vi minner om at kafeen er open kvar dag mellom klokka 10.00 og 16.00. Barnetrekket nedst er ope på same tidspunkt.

No blir det jobba intensivt med å preppe snøen i hovudbakken, og målsetjinga er framleis at vi skal opne laurdag 27. desember.

(Foto: Børge Nordahl / 26.des 2025)