Helga 5.-8. februar i Brokke!

Perfekte forhold i Brokke 5.–8. februar
Langrenn
Dei som fekk oppleve torsdagen i Brokke, hadde ein heilt magisk dag i fjellet (sjå foto). Fredag er det meldt ein del snø, medan laurdag ser ut til å by på lettare snøvêr og søndag opphaldsvêr. Temperaturen held seg rundt 8–10 minusgrader, noko som gir eit nydeleg vinterlandskap og svært gode forhold i skiløypene.
Me gler oss til å sjå deg i Brokke!
Oppdaterte oversikter over preparerte løyper finn du på løyper.net.
Foto: @clauscooliver
Alpinsenter
Brokke Alpinsenter gjer seg klart til ei ny strålande skihelg med knallgode forhold i bakken. Kuldegradene gir optimale forhold for preparering.
Opningstider:
- Fredag kl. 12.00–20.00
- Laurdag og sundag kl. 10.00–16.00
Kafeen følgjer same opningstider som alpinsenteret. Laurdag kan du bestille takeaway-pizza fram til kl. 20.00.
Heisar og trekk:
- Fredag: T-trekk
- Laurdag og sundag: Barnetrekk, T-trekk og stolheis
Det er mogleg å bestille skiskule alle dagar alpinsenteret er ope. Bestilling kan gjerast ved oppmøte eller via e-post: alpin@brokke.com.
Afterski laurdag kveld
Laurdag 7. februar kl. 17.00 inviterer me til afterski i Nistebui med livemusikk frå Johnny Sandåker (Johnnyboy). Her blir det god stemning og ekte afterski-tempo frå start til slutt.
👉 Sjå eige Facebook-arrangement for meir informasjon.
👉 Ver ute i god tid – konserten startar presis kl. 17.00.
CC: 100 kr
Aldersgrense: 18 år
Velkomen til fjells – me gler oss til å sjå deg på Brokke!
