Jolemarknad i Brokke

🎄 Vi gjentek suksessen frå i fjor – velkomen til jolemarknad i Brokke!

Laurdag 28. november kl. 12–17 fyller vi Brokke med joleglede, gode smakar og stemningsfulle opplevingar for store og små. GRATIS INNGANG!

Over 30 utstillarar kjem med flotte jolegåveidéar og mykje godt til jol. Her finn du alt frå såper og duftlys til treprodukt, kransar, klede, møblar, bilete og freistande matvarer. ✨

🎅 Jolenissen kjem på besøk og tek med seg postkassa si, så ta gjerne med ønskjelista! Det blir aktivitetar og peparkaker, og vi skaper lun førjolsstemning med jolelys, bålpanner, varm gløgg og jolegraut.

📬 Kvar helg i desember kan du òg levere brev til nissen i kafeen.

🌟 Kl. 17 tenner vi jolegrana saman.

Fleire detaljar kjem!

Ønskjer du å vere UTSTILLAR? Send ein e-post til harald@brokke.com

Ta med familie og vener, og nyt ein koseleg førjolsdag i Brokke! 🕯️🎄

‍