Skituren ventar på deg! 🎿

God laurdag, kjære Brokke-vener ☀️❄️

Det er gledeleg å melde at løypekøyrar Uppstad har fått reparert maskina, og no er nesten alle langrennsløypene nypreparerte 🗻🎿

Alle løyper er køyrde, med unntak av Fisstøyl. Evardalsåne flyt litt over, men det er framleis mogleg å kome seg over.

Skisenteret er ope kl. 10–16. Kaféen og skiutleiga held ope i same tidsrom.
Frå kl. 16–20 kan du bestille take-away-pizza frå kafeen 🍕
Bestilling frå kl. 16.00 på telefon 488 40 568 📲

Crêpes-kiosken er open kl. 12–16 🥞
Har du enno ikkje smakt dei herlege pannekakene, er dette dagen for å ta turen!

Nistebui opnar kl. 13 og kl. 19.00 inviterer Frank til populær quiz 🎤

Alt ligg til rette for ein strålande dag i Brokke 💙