Snøproduksjon startar i lysløypa så snart det er mogleg

BROKKE: Brokke melder at dei ønskjer å kome i gang med snøproduksjon i rulleskiløypa så snart forholda tillet det. Samstundes må alpinbakken prioriterast først for å sikre eit godt og stabilt grunnlag før jule- og påskesesongen.

Vi set stor pris på engasjementet rundt lysløypa og forstår godt at mange ønskjer snø tidleg. Målet vårt er å produsere snø i rulleskiløypa så snart vi har kontroll på snømengda i alpinbakken, opplyser driftsselskapet.

Teknisk avgrensing denne sesongen

Anlegget har denne vinteren berre éin transformator tilgjengeleg for snøproduksjon. Det betyr at straumkapasiteten ikkje er stor nok til å produsere snø i både alpinbakken og lysløypa samtidig.

Planen var å få på plass to transformatorar allereie denne sesongen, men leveringstid og installasjonskrav gjorde det ikkje mogleg.

Fokuserer på trygg og stabil opning av alpinbakken

Med den kapasiteten vi har no, må vi prioritere å byggje opp eit solid fundament i alpinbakken. Det er avgjerande for å kunne tilby gode og trygge forhold gjennom heile sesongen, heiter det frå drift.

Når alpinbakken har fått tilstrekkeleg snø, vil rulleskiløypa bli prioritert så snart temperaturen tillet det.

Betre kapasitet neste sesong

Frå neste vinter vil situasjonen bli langt betre.

– Det er bestilt meir kapasitet hos Glitre, og til oppstarten av november 2026 vil det etter all sannsyn vere to transformatorar på plass. Det gjer at vi kan produsere snø i både lysløypa og alpinbakken parallelt og sikre tidlegare snølegging i begge anlegg.

Vêret har òg spela inn

Mildvêr langt ut i november har òg vore ei utfordring.

– Hittil i november har vi faktisk berre hatt fem dagar med temperaturar som gjer snøproduksjon mogleg. No handlar det om å bruke kvar ein time effektivt, opplyser driftsselskapet.