Langrenn: Reservemaskina er på plass!

Onsdag 18. februar klokka 15: Ny melding frå løypekøyrar Uppstad:

Som kjent er tråkkemaskina køyrd sund i Bjønevassdalen. Dette vil dessverre ta nokre dagar før ho blir reparert, på grunn av tilgang på delar.

Vi har likevel ei mindre reservemaskin som vil bli teken i bruk, slik at vi kan køyre opp gode løyper – sjølv om det kan ta litt lengre tid.

Du kan sjå live-oppdatering frå tråkkemaskina ved å trykkje på «Skiløypar» på nettsida vår.

Saka påverkar berre langrennsløypene våre. Brokke Alpinsenter har andre preppemaskiner, og forholda i alpinbakkane er magisk fine.