Tryggleik i alpinbakken

Tryggleik i alpinbakken – viktig informasjon til gjester i Brokke

Vi jobbar kontinuerleg for at alle gjester skal få ei trygg og god oppleving i Brokke. Ved å følgje nokre enkle reglar bidreg du til at både du sjølv og andre kan ferdast trygt i bakken.

Hald avstand til preppemaskiner

Det er viktig å halde god avstand til preppemaskiner og område med snøproduksjon. Maskinene har avgrensa sikt, og det kan oppstå farlege situasjonar dersom ein kjem for nær.

Respekter sperringar og skilting

Følg alltid skilting og sperringar i anlegget. Desse er sette opp for å sikre gode forhold, og for å varsle om område som ikkje er trygge å ferdast i.

Hugs skivettreglane

Alle som køyrer i anlegget, pliktar å følgje dei norske skivettreglane. Desse reglane er laga for å skape tryggleik og gode opplevingar for alle i bakken. Sjå reglane HER

Ferdsel utanomopningstid

Av omsyn tilpreparering, snøproduksjon og redusert sikt er det normalt ikkje lov å ferdast i alpinanlegget utanom opningstid. Det er likevel tillate å ake i Vestbakken (bakken til høgre i anlegget) fram til klokka 22. Etter stengetid vil lys bli slått på i denne bakken. Ver merksam på at dersom preppemannskapet vurderer at Vestbakken må preparerast før klokka 22, så må aking avsluttast.

Vi takkar alle gjester for å vise omsyn, og bidra til ein trygg og triveleg ferdsel hos oss i Brokke Alpinsenter.