Velkomen til haustferie på fjellet

‍

Hausten er ei av dei aller finaste tidene i Setesdal. Fjellet skiftar farge, lufta er frisk og dagane innbyr til både aktivitet, gode opplevingar og rolege stunder saman med familie og vener.

Ta turen ut på fine dagsturar, oppdag nærområdet på små bilturar, finn fram sykkelen eller test Pump Tracken i Brokke. For dei minste er det god plass til leik og aktivitet ute, medan andre kanskje helst vil nyte ein roleg dag på hytta.

Haustferien handlar også om dei gode stundene inne. Kos dykk med eit måltid i kafeen, finn fram kortstokken, lag noko ekstra godt på kjøkkenet og nyt kvelden framfor peisen. Haustferien er dessutan ei perfekt tid for å gjere hytta klar til den komande vintersesongen.

Det skjer også mykje i området gjennom ferien. Laurdag 26. september og sundag 27. september er det Saussjå i Valle, medan det tysdag 29. september blir terrengløp i Brokke.

Kafeen i Brokke er open kvar dag kl. 12.00–18.00.

Ta med deg dei du er glad i, senk skuldrene og nyt haustdagane på fjellet.

Velkomen til haustferie i Brokke – gode dagar, frisk fjelluft og tid saman.

‍