Villreinvettreglar

Villreinvettreglar
Ta omsyn til villreinen og unngå å forstyrre han. Er det kjent at det er villrein i området du hadde planlagt å besøkje, bør du velje eit anna turområde.
Unngå ferdsel i villreinområde i kalvingstida i mai. I Brokke-området gjeld villreinrestriksjonar særleg i sonene Storenos, Vatnedalsheii, Ratevassnuten, Svarvaren og Breidvatn. Ferdselsforbodet gjeld normalt frå 25. april til 31. mai. Sjå turkart for Setesdalheiane for meir informasjon.
Følg alltid merkte løyper.
Ha kontroll på hunden, og set deg inn i dei lokale reglane for bandtvang.
Dersom du ser villrein, bør du halde deg i ro slik at dyra kan trekkje unna utan å bli forstyrra.
Bruk kikkert og hald god avstand.
Me ønskjer alle ein god skitur med desse reglane i bakhovudet.
